Februar = bønemånad!

Du frys, det er mørkt og yr.no melder om regn i lang tid framover. Dessuten nærmar det seg eksamen, som om du ikkje hadde nok å uroe deg for allereie. Kjenner du deg igjen? Eller kanskje livet er herleg, og du held på å sprudle over av lykke?

Uansett livssitusjon - i februar slår KRIMS til med bønemånad! Kvar tirsdag og torsdag i heile februar er du hjarteleg velkommen til samling med bøn og lovsong. Me samlast kl. 10.15 i det stille rommet/ kapellet på Haukeland, syng og ber for kvarandre, medstudentar, forelesarar, tilsette og pasientar ved sjukehuset samt andre bøneemne som kjem opp.

Så om du har 5 min eller 30 min, er trist eller glad - ta turen innom!

 
"Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus." Fil. 4:6-7