Geneve-deklarasjon

Som nokon har fått med seg, er det ein pågåande debatt der omgrepet “utforenlig med liv” er oppe til diskusjon. Fleire tilstandar som ikkje kan sameinast med liv, som trisomi 18 og trisomi 13, har synt seg det motsette, og fleire barn med desse tilstandane har fått vekse opp til vaksen alder.
Det er i dag formulert ein “Geneva Declaration” som støtter ein kampanje for å fjerne omgrepet ikkje sameint med liv for utviklingshemma foster og nyfødde. Problemet har vore at regelen på norske sjukehus at desse barna ikkje skal handsamast, korkje før eller etter fødsel nettopp fordi tilstanden “ikkje kan sameinast med liv”, noko som i mange tilfelle er feil.
Heile sentralstyret i NKLF stiller seg bak dette og har signert deklreasjonen. Eg oppmodar andre til å gjere det same, om dykk er enig i at dette er viktig. Såfall, trykk på følgjande lenkje og signer:
Eg ynskjer alle ei framifrå påske!
Christian B. Berg
Leiar i KRIMS Bergen