Nepal påsken 2015?



I løpet av høsten vil vi ta stilling til om vi skal arrangere tur til Nepal påsken 2015. Det vil snart bli lagt ut en spørreundersøkelse på facebooksiden vår der man kan svare uforpliktende på om man er interessert i å være med på en slik tur. Vi er avhengige av tilbakemeldinger for å vite om dette er noe som vi skal starte planleggingen av. I mellomtiden kan du la deg inspirere av denne lille videosnutten.

Spelekveld! :-D

Endeleg, endeleg, endeleg er det klart for ei ny samling med KRIMS!

Som vanleg startar me opp semesteret med ein alle tiders spelekveld. Det blir herlege menneske, mange gilde spel, andakt, quiz og kakefest - med andre ord, drøssevis av gode grunner til å ta turen :-)

Denne kvelden er me hos Åse i Ibsens gate 50a. (Huset er raudt, vis-a-vis Årstad VGS, nær Danmarksplass). Usikker på vegen? Ikkje nøl med å ta kontakt! (mob. 99 30 95 52). Festivitasen byrjar kl. 19. Link til kart finner du her.

Ny? Gammal? Kjent? Nysgjerrig? Hjarteleg velkommen skal du vere :-)

- KRIMS-styret :-)

Velkommen til tidenes KRIMS-haust!

Kjære med-KRIMSarar (både gamle og framtidige),

Velkommen til(bake til) Bergen, medisinstudiet og, ikkje minst, KRIMS! Til alle de gode, gamle: det blir stor stas å sjå dykk igjen! Til alle de nye, unge og lovande: hjarteleg velkommen - me gler oss til å bli kjent med deg!

Aller først kan det vel passe med eit par ord om KRIMS. Namnet står for KRIstne MedisinStudentar, og ved kvart medisinstudium i Noreg, finst eit eige lokallag.
Me ønskjer å vere eit fellsskap midt i skjæringspunktet mellom trua på Jesus og medisinfaget.

Her i Bergen samlast me typisk ein gong pr. månad, stort sett til kva med kallar lege-student-gruppe. Då har me invitert ein person (typisk lege) til å snakke om eit gitt tema. I tillegg har me gjerne ein andakt, me syng litt saman og et kveldsmat. Elles har me bønemøte kvar måndag kl. 10-10.30 i Kapellet på HUS (3. etg.).

Det er med stor glede me kan presentere programmet for hausten:

SPELEKVELD
Måndag, 25. august
I Ibsens gate 50a (hos Åse), kl. 19

HYTTETUR
(I byrjinga av september - meir info kjem)

LEGE-STUDENT-GRUPPE:
Tysdag 9. september, kl. 19
Tema: Å lege det døyande menneske. Sjelesorg mot livets slutt.
Med Dagny Haugen (spesialist i palliativ medisin)
I Johan Hjorts vei 58 (hos Alf-Olav)

LEGE-STUDENT-GRUPPE:
Måndag 6. oktober, kl. 19
Med Magnar Kleiven (generalsekretær i NKLF, Norges kristelige legeforening)
Tema: Menneskeverd (+++)
I Vognstølen 27 (hos David og Lina)

KONFERANSEN FOR MEDISIN OG KRISTEN TRU:
16. - 19. oktober
Meir info kjem, sjå eventuelt eiga heimeside: www.konferansen.com

LEGE-STUDENT-GRUPPE:
Tysdag 4. november, kl. 19
Med Morten Magelssen (lege og forskar ved Senter for medisinsk etikk)
Tema: Biomedisin, genteknologi
I Bellevuebakken 10 (hos Marianne)

JULEAVSLUTTING:
Tysdag 25. november, kl. 19
I Johan Blytts vei 35 (hos Alexander)

Me lovar å reklamere for kvar hending i god tid :-)

Dette blir moro!

- KRIMS-styret :-)