Gode KRIMSarar!

Som sikkert mange av dykk veit, vart Nepal råka av eit jordskjelv på laurdag formiddag, som har til no leia til minst 5500 døde, i tillegg til massive øydeleggingar i landet. KRIMS Bergen har i lang tid støtta eit arbeid i Nepal, blant kristne medisinstudentar og har vorte kjend med fleire der nede. 

Ruiner i Nepal
Til no veit me at mange av lækjarane og studentane me kjenner i arbeidet er i tryggleik, men at etterskjelva gjer at det framleis ikkje er trygt å vere inne i husa. I tillegg til det krevjande redningsarbeidet er tilgangen på vatn og mat er problematisk, sidan fleire butikkar er stengde. 

Me har enno ikkje høyrt frå alle me kjennar i Nepal, men me vonar på det beste!

På turen KRIMS Bergen nyleg var på, vitja med nokre av sjukehusa i Nepal. Her såg me at sjukehusa alt var relativt fulle, noko som heilt klart vitnar om eit helsetilbod som er kraftig underdimensjonert for den katastrofa som no har råka. 

På vegne av KRIMS i Bergen, ber me heilt enkelt om forbøn for helsearbeidarane i Nepal og Guds hjelp inn i katastrofen våre vener opplevar. Denne enkle handlinga, er truleg det som betyr mest. Be for dei no, og i stunda framover!

Velkommen på Nepal-kveld

Har du lyst å høre tonene til Bergen Filharmoniske orkester? Eller vil du heller på bowling? Har du egentlig mest lyst på fire dagspass til Kongeparken? Burgere på Egon? Brettspill? Eller hva med noe helt annet? Kom på Nepal-kveld med KRIMS! Her blir det amerikansk auksjon med mange flotte gevinster, overraskelser og kjekke folk. Ta med masse småpenger og en venn og kom!

Tirsdag 21/4 kl. 19:00
Kalfarveien 10 (kart)
      i navigatørkjelleren.

Vi samler inn til vår søsterorganisasjon i Nepal og deres arbeid. En gruppe på 10 studenter fra Bergen har denne påsken vært der og besøkt arbeidet, så det blir gode muligheter for førstehånds fortelling derfra for oss nysgjerrige. Alle er velkomne!

Hilsen oss i KRIMS-styret :)