Grill ein lege!

Endeleg er det klart for ny lege-student-gruppe (den siste dette semesteret!). Denne gongen blir det  med ein liten vri. For dette er sjansen din til å stille alle spørsmåla du måtte ha om medisinstudiet, kryssinga mellom tru og fag, livet som lege osv. Kanskje du til og med får svar på noko du ikkje visste du lurte på?

Lækjer Jesus menneske i dag? Er det greitt å be for pasientar? Det er tid for «grill ein lege»!

Me er så heldige å ha med oss, ikkje berre ein, men to særs flotte menneske og legar.  David Rossland arbeider som fastlege, og Frida Moldekleiv er i turnus. Det blir mogleg både å stille spørsmål anonymt og å slenge ut i plenum. I tillegg stiller med kveldsmat, og det blir andakt.

Så proppfull av spørsmål, eller berre lysten på ein alle tiders kveld  – velkommen skal du vere!

Når: Tysdag 13. mai
Tid: kl. 19

Kor:  Vognstølvegen 27 (hos Lina og David Rossland)