Velkommen til tidenes KRIMS-haust!

Kjære med-KRIMSarar (både gamle og framtidige),

Velkommen til(bake til) Bergen, medisinstudiet og, ikkje minst, KRIMS! Til alle de gode, gamle: det blir stor stas å sjå dykk igjen! Til alle de nye, unge og lovande: hjarteleg velkommen - me gler oss til å bli kjent med deg!

Aller først kan det vel passe med eit par ord om KRIMS. Namnet står for KRIstne MedisinStudentar, og ved kvart medisinstudium i Noreg, finst eit eige lokallag.
Me ønskjer å vere eit fellsskap midt i skjæringspunktet mellom trua på Jesus og medisinfaget.

Her i Bergen samlast me typisk ein gong pr. månad, stort sett til kva med kallar lege-student-gruppe. Då har me invitert ein person (typisk lege) til å snakke om eit gitt tema. I tillegg har me gjerne ein andakt, me syng litt saman og et kveldsmat. Elles har me bønemøte kvar måndag kl. 10-10.30 i Kapellet på HUS (3. etg.).

Det er med stor glede me kan presentere programmet for hausten:

SPELEKVELD
Måndag, 25. august
I Ibsens gate 50a (hos Åse), kl. 19

HYTTETUR
(I byrjinga av september - meir info kjem)

LEGE-STUDENT-GRUPPE:
Tysdag 9. september, kl. 19
Tema: Å lege det døyande menneske. Sjelesorg mot livets slutt.
Med Dagny Haugen (spesialist i palliativ medisin)
I Johan Hjorts vei 58 (hos Alf-Olav)

LEGE-STUDENT-GRUPPE:
Måndag 6. oktober, kl. 19
Med Magnar Kleiven (generalsekretær i NKLF, Norges kristelige legeforening)
Tema: Menneskeverd (+++)
I Vognstølen 27 (hos David og Lina)

KONFERANSEN FOR MEDISIN OG KRISTEN TRU:
16. - 19. oktober
Meir info kjem, sjå eventuelt eiga heimeside: www.konferansen.com

LEGE-STUDENT-GRUPPE:
Tysdag 4. november, kl. 19
Med Morten Magelssen (lege og forskar ved Senter for medisinsk etikk)
Tema: Biomedisin, genteknologi
I Bellevuebakken 10 (hos Marianne)

JULEAVSLUTTING:
Tysdag 25. november, kl. 19
I Johan Blytts vei 35 (hos Alexander)

Me lovar å reklamere for kvar hending i god tid :-)

Dette blir moro!

- KRIMS-styret :-)