Nok eit år arrangerer
KRIMS Nepalkveld for å samle inn pengar til KRIMS i Nepal. Etter
suksessen i fjor er forventningane høge! Me kan garantere mange flotte
premiar. Fire dagskort til Kongeparken (verdi 1500kr!!), gåvekort på
konsertar med Bergen Filharmoniske Orkester i Grieghallen, gåvekort på
Brun og Blid, anatomiplakater, gåvekort på Peppes og Dolly, kokebøker, øredobber, ryggradskrus og mange ulike goodiebags er berre nokre av punkta på ei
lang liste med premiar.
KRIMS i Nepal er ein organisasjon for kristne medisinstudentar som mellom anna arbeider for å motivere medisinstudentane
der til å arbeide som legar i eige land etter studietida. Trenden i
Nepal er å reise til utlandet der lønningane er høgare og
arbeidsforholda betre.
Lina Johanne Rossland, som sjølv har
budd i Nepal, blir med oss denne kvelden for å gi oss eit innblikk i
arbeidet som blir gjort i Nepal. Dette blir spanande!
Velkommen til ein knakande kjekk kveld! Håpar akkurat DU vil kome!
Førebu deg på ein heidundrande auksjon, heftige premiar og GOD STEMNING!
Eg vil anbefale deg å allereie no byrje å samle opp småpengar! ;) Jo
meir klirring, desto betre! Men du treng ikkje betale alt med småpenger om du ikkje vil, du kan skrive opp beløpet du skylder også.
Vi møtes i Navigatørkjelleren i Kalfarveien 10 kl 19 på tirsdag 11/3. Her er link til kart.
PS: Sjølvsagt får de servert kaffi og kaker ! ;) Gled dykk!